View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Baron Lote Vis innlegg
Ja, enig i det, men forskningen denne ideologiske siden er basert på vil jeg dog si er godt rotet i virkeligheten. Det er helt klart radikalt og politisk ukorrekt en hel del av det, men det sier mer om samfunnet og dets tro på sannhet og fornuft vs ideologi enn det sier noe om mulige kjønnsforskjeller.
Vis hele sitatet...
Det er forskjeller mellom kjønna. Utvilsomt. Men forestillinga om at samfunnet rotter seg sammen for å knekke mannen er utelukkande ideologisk. Det er ein del ting som tyder på at utdanningssystemet favoriserer kvinner; ikkje fordi det nødvendigvis er utforma med det som mål, men fordi kvinner i større grad er tilpassa det. Men løysinga på det er på ingen måte kampanjer ala det der. Løysinga på det er å sjå på korleis ein engasjerer menn i større grad.

Og retorikken den nettsida fører utelukker langt på veg forsøk på fornuftige løysinger, og er rimelig lett å sjå i samanheng med konservative krefter i USA.

I tillegg kom eg med ein kommentar om trådstarter - han har tidlegare påstått å føle seg lutfattig, og ha 450k i inntekt. Det seier litt om haldninga han har til utanforskap i samfunnet. Det er nok eit ytterst reelt problem, men løysinga på det er ikkje nødvendigvis å hoppe tilbake til 50-tallet, der kvinnene sto bak kjøkkenbenken - for då er det brått andre som ikkje får realisert eigne evner. Det er antakeleg andre årsaker enn feminisme til at vedkommande opplever seg som lutfattig, for å sei det slik. For levestandarden har vorte ekstremt mykje høgare i dag enn i 1960, når fleirtalet av kvinnene var heimeværande...

Rationalwiki har forøvrig ei grei oversikt over påstandane, og vil forklare terminologien som er brukt på nettsida som er linka til.
Sist endret av vidarlo; 30. mars 2018 kl. 17:09.