View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av lorentz Vis innlegg
Dersom bølgehøyden er varslet til f.eks 3m, hvor høyt kan vannet da sprute opp dersom bølgene går inn i en kile eller liten bukt? Er det noen her som har erfaring med det?
Vis hele sitatet...
Umulig å sei. Bølgehøgda er ei snitthøgde i ope farvatn. Korleis bølgjene vil bryte nær land kjem an på lokal geografi. Somme stader vil du knapt sjå det i vasskanten når det er tre meter eit par hundre meter frå land. Andre stader vil du få langt meir enn tre meter.

I tillegg er det viktig å hugse på at det kan komme høgare sjøar, utan stort forvarsel. Det er vanskeleg å sjå kva som vil bryte høgare enn resten over land. Om du ikkje har erfaring ville eg vore svært forsiktig med å opphalde meg nær sjøen i stor sjø. Det skal ikkje mykje til før du mister fotfestet, og kombinasjonen av nedkjøling, slag og stor sjø kan veldig fort få tragisk utfall.