View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av random67489 Vis innlegg
Har du en likestrøm generator fyller du opp batteribanken med minst mulig tap. Er sikkert noen som kan regne på dette og gi deg konkrete eksempler. Mener å huske at om du må gå veien fra vekselstrøm til likestrøm (dc til ac) så kan tapet bli opp mot 10-20%. Skal se om jeg finner tilbake til der jeg leste det.
Vis hele sitatet...
Likestraum får du ved å likerette vekselsstraum. Det er det generatoren i ein bil gjer; den er typisk ei trefasemaskin med likeretterdioder.

Likeretting vil gi eit tap på ca. 1-1.4V. Det vil ganske riktig gi ca. 10% tap, men vekselstraumsmaskiner har mindre tap enn likestraumsmaskiner, m.a. på grunn av oppbygging. Det gjer at du uansett får det tapet.

Tapet er i større grad funksjon av låg spenning enn likeretting. Går du opp til 48VDC, er tapet 3%, og kopartapet ditt vert og redusert, på grunn av lågare straumar.

Veldig mykje moderne elektronikk funker fint på 120VDC, så om ein sjekkar litt kan det vere eit alternativ og... men då er ein inne i det territoriet som gjer at alle vil trekke på skuldrene om laptopen din eksploderer.