View Single Post
Eg har nyleg lese 12 rules for life, noko eg gjekk inn i med ein viss skepsis. Når eg no er ferdig, synst eg i grunn det var ei nokså god bok.

Det er ein hel del som er problematisk i boka, men det er ikkje her hovudfokuset ligg, og ein kan få ein del ut av det andre utan å godta alt dette. Der Peterson skin, er når han skriv innanfor eige fagfelt, og han framstår då langt meir empatisk og reflektert enn det ein kan få inntrykk av på Youtube. Alt i alt er boka, med nokre unntak, mindre bombastisk enn det som kjem fram i intervjua.

Ved ein del tilfelle freister han å gje inntrykk av at råda, eller reglane, han kjem med er forskningsbaserte, og det er her han er på tynnast is.

Som nokre her i tråden nemner, synst eg synet på postmodernismen, og det absolutte kravet om religiøsitet, eller i det minste, transcendens, er det vanskeligaste å svelge. Der er frå dette det noko rabiate samfunnsynet har sitt utspring, medan det meste andre i boka strengt tatt ikkje er særleg kontroversielt, og i mine auge ganske godt formidla...