View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av hollow Vis innlegg
Polen konfiskerte en stor leveranse med håndsprit fra norskeid fabrikk i Polen igår. Er vel noe ekstra produksjon på gang i Norge nå, men vil det være nok?
Vis hele sitatet...
Handsprit er strengt tatt jævla enkelt å produsere. Du tar sprit, tilset vatn og glyserol, og tapper det på flaske. Eg kunne antakeleg produsert hundre liter i døgnet, komfortabelt, heime i mi eiga leiligheit om eg hadde ingredienser og lyst.

Glyserol og sprit er svært vanlege industriråvarer. Sprit til industrielle føremål (og desinfisering) kan m.a. framstillast frå petroleum, eller andre kjelder. Litt kjapp googling tilseier at Borregard produserer 20 millioner liter i året, eller 20000000000 milliliter. Rådet frå myndigheitene er 3 ml 70% sprit som dose for handdesinfeksjon. Om vi ignorerer fortynning og slikt, produserer Borregaard åleine nok sprit til å desinfisere labbane til alle landets innbyggjarar tre og ein halv gong for dag. Tar du med uttynning til 70% så produserer Borregaard nok til å desinfisere labbane til befolkinga fem gongar for dag.

Så desinfiseringsmiddel bekymrer meg ikkje. Det er trivielt å starte nødproduksjon av, og ingrediensane er ekstremt vanlege i industrien. Du treng ingen dyre maskiner; i verste fall kan du røre det sammen i badekar. Medisiner, og meir spesialiserte smittevernprodukt som filtermasker er langt verre å starte produksjon av.

Heck, det er så enkelt at WHO har ein offisiell guide for korleis du startar produksjon av det i kjellaren. Om du mangler sprit kan sikkert din lokale trønder hjelpe med akkurat det.

Så joda; desinfeksjonsmidler er viktige. Veldig viktige. Men vi er klar over kor viktig det er, og alle industrinasjoner er i stand til å produsere i store kvanta, på kort varsel, i nødsfall.
Sist endret av vidarlo; 25. mars 2020 kl. 20:20. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.