View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av legalize_it Vis innlegg
Alle modeller, og spesielt så komplekse tar feil. At grensa for dommedag ligger på akkurat 1,5 slik du virker å tro er omdiskutert.
Vis hele sitatet...
Dette er i ferd med å verte ein parodi.

For det første har eg aldri påstått at 1.5°C er ei magisk grense, men det er den grensa verda har sett for seg sjølv, og IPCC har utvikla ein rapport for å sjå på konsekvensane. Merk at IPCC opererer med 66% sjanse for at vi unngår oppvarming over 1.5°C med dei tiltaka dei lister opp, så det er godt mogeleg at vi går over sjølv med dei tiltaka.

Viare så går åpenbart feil i modellane begge vegar; det kan føre til større endringer enn vi ser for oss (m.a. grunna feedback-effektar vi ikkje kjenner til), og det er meir eller mindre unison einigheit om at ei slik temperaturendring vil få massive konsekvenser.

Å komme med slik generisk kritikk som du gjer her er feigt. Den er ikkje konkret, det er "tenk om dei er feil da!".

Ja, det er tenkelig, men det er svært lite truleg at dei bommer så signifikant at det er relevant. Spesielt fordi det vi ser skje rundt oss no er meir eller mindre det modellane forutsa at ville skje.
Sitat av legalize_it Vis innlegg
Status quo er behagelig, det har du helt rett. Det betyr ikke at jeg ikke er for å gjøre noe, eller ikke er villig til å ofre noe for saken. Men til forskjell fra deg og ca 2% av verdens befolkning er jeg ikke gått inn i panikk og ser således ikke vitsen med å ofre der det ikke hjelper saken.
Vis hele sitatet...
Kan du vere så snill å kutte ut latterleggjeringa di? Eg har ikkje panikk. MDG har ikkje panikk. Både eg og MDG argumenterer koherent for våre syn, i motsetning til deg som stortsett ser ut til å forsøke latterleggjering og klimafornekting.

Forøvrig er ikkje dette ein produktiv diskusjon. Eg lempar på med kjelder, og du kjem tilbake og seier "Men tenk om det er feil i modellane". Ny runde med argumentasjon, og du repeterer "Men tenk om det er feil i modellane". Svar på faktiske innvendinger eller gi faen i å svare er du snill.
Sist endret av vidarlo; 18. juni 2021 kl. 12:01. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.