View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Eg har trent kampsort i over 20 år, og har vore innom karate, kickboksing, boksing, bjj, krav maga, muay thai og mma. Det finst mange vegar til å bli ein god fightar, men du bør trene ein ståande kamsport, og ein som fokuserer på kast og bakkekamp: Ikkje lur deg til å tru at du kan sleppe unna med å berre bli god på bakken, eller at det er meir enn nok å bli god ståande. Du kan trenge sjølvforsvar i mange slags situasjonar, men det kjem først og fremst an på miljøet rundt kva som er lurt å gjere. Er det berre to til stades, og det ikkje er fare for at andre blandar seg inn, kan du ta kampen til bakken. Det er det i realiteten umogeleg å vinne ein kamp på flaks. Er miljøet kaotisk, t.d. på ein uteplass med mange folk, risikerer du eit fotballspark i hovudet når du er på veg til den perfekte armbaren.

Finn du ein god klubb, kan kombinasjonane vere mellom:
Boksing, Muay thai eller kickboksing / judo, bryting eller bjj

Blir du god på ein av kampsportane av kvar side av skråstreken, sltså både ståande og på bakken, er du rett og slett ein god fightar.

Det andre alternativet er MMA.

Hadde det vore meg, hadde eg prøvd å finne ein god klubb i nærmiljøet - det er viktigare med ein god klubb enn stilen i seg sjølv, så lenge du blir flink både på bakken og ståande.
Sist endret av BrageP; 7. desember 2016 kl. 12:27. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.