View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Topkek Vis innlegg
Ingen skatt på folk i startfasen. Dvs opp til 20-21 år. Alle som har over 1mill utbytte/utbetalt/ skattes ned til 1m.
Vis hele sitatet...
Det er i praksis ikkje skatt for folk under 20. Dei er enten lærlinger, eller under utdanning. I begge tilfeller er skatten i praksis svært liten. Har du 120k i inntekt (studielån er ikkje inntekt) er skatten ca. 10%.

Det eg reagerer mest på i dagens skattesystem er subsidieringa av å eige bolig. Formuesverdien er kunstig låg, og du får skattefrådrag for gjeldsrenter. Det gjer at ved å ha råd til å kjøpe kan du realistisk sett minst halvere boligutgiftene dine - og det er å subsidiere det å ha god økonomi.

For å ta eit kjapt døme. Eg har ei leilighet til rundt regna tre millioner. Skulle eg leigd, hadde det kosta minst 12000,- i månaden. I realiteten vil eit normalt par ende opp med å betale 4-5000 i renter - altså reelle utgifter - per måned på ei slik leilighet. For min del, ~2000,- per månad i renter. Det er ti tusen under det eg måtte betalt på leigemarkedet!