View Single Post
Beach Bum (2019)
Mumblecore(mest prat og lite handling) komedie med Matthew McConaughey. Litt i same gate som The Big Lebowsky, på den måten at det handlar om ein stoner som berre følger straumen


Coffee and cigarettes (2003)

Antologifilm med scener som involverer sigarettar og kaffi


Dollman (1991)

Frå den legendariske B-film regissøren Albert Pyun får me ein film om ein 12 tommar høg politimann med universets kraftigaste pistol. Om du likar bra dårlege action/sci-fi filmar er denne filmen og dei fleste andre av filmane til Pyun noko for deg.


Escape from New York (1981)

I året 1997 har Manhattan blitt gjort om til eit høgsikkerhetsfengsel der gjengar av fangar styrer innsida, når presidenten sit fly styrtar innafor murane blir, den straffedømde soldaten og bankranaren Snake Pliskin sendt inn for å redde han i bytte mot fridom.


From Dusk til Dawn (1996)
Action/Skrekk komedie frå Robert Rodriguez og Quentin Tarantino. Anbefaler å lese minst mogleg om den før du ser den for best effekt. Stor spoiler på imdb for denne, så lenker ikkje den her


Looper (2012)

Sollid sci-fi action frå Rian Johnson. I ei framtid der det er umogleg å komme unna med mord, nyttar kriminelle organisasjonar seg av tidsreise for å kvitte seg med uønskte personar.


Lucy (2014)
Etter min meining ein hysterisk morosam, men utruleg dårleg sci-fi film. Nytast best med ein joint
Mandy (2018) Nick Cage og kona bur fredeleg åleine i skogen, heilt til ein hippiekult kjem og øydelegg liva deira. Surrealistisk action/thriller/skrekk med homage til 80-talet.


They Live (1988)
Skjult blant menneska lurar det ein fiende som kontrollarar oss utan at me ser dei. Sci-fi action film frå John Carpenter, som gav oss sitatet «I have come here to chew bubblegum and kick ass. And I’m all out of bubble gum»


Wet Hot American Summer (2001)
Wacky og absurd komedie som parodierer tenneåringkomediar frå 80- og 90-talet