View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av boblesaft Vis innlegg
Det er veldig mange flere enn meg som ikke er inkludert i disse studiene av samme grunn, og det er ikke irrelevant. Alle asymptomatiske og de som går rundt med naturlig immunitet blir naturligvis ikke automatisk dokumentert.

Hvis du mener det er irrelevant, så er det store mørketall du ikke tar i betraktning.
Vis hele sitatet...
For det første er mørketala estimerte m.a. gjennom testing av avløpsvatn for å estimere virusmengde, antigentester og tilfeldige covid-prøver i delar av befolkinga. Det gjer at vi har ein viss kunnskap om kor mange smitta som ikkje er testa.

For det andre så har det aldri vore slik at forskning må dekke 100% av ei gruppe for å komme til gyldige konklusjoner. Det er heilt rett at få deltakarar vil gi svakare resultat, men det er ikkje slik at forskninga ikkje er gyldig bare fordi ikkje alle er inkludert.

Difor kan vi - med ein del tusen deltakarar i studier, sei ganske mykje om immunitet som følgje av gjennomgått infeksjon. Sjølvsagt vil du ha folk som ligg utanfor standardavviket for immunitet - i begge retninger, både dårlegare og betre. Nok til å kunne samanlikne vaksiner og naturleg immunitet, til dømes.
Sitat av boblesaft Vis innlegg
Jeg skjønner at du mener at kommentaren din er på sin plass. Jeg mener bare at ad hominem-argumenter ikke bidrar noe til en diskusjon, men der er vi forskjellige.
Vis hele sitatet...
Det er ikkje ad hominem-argumentasjon. Å påpeike at du har mørkt hår, og ergo ikkje kan diskutere covid-19 vil vere ad hominem. Å derimot påpeike at du ikkje har fundamental innsikt er faktisk sakleg. Det er ikkje basert på deg som person, men på det du har skreve i tråden.