No er det vel absolutt ingen som trur på at det ikkje gjeld deg sjølv, mtp. måten du har fulgt opp spørsmålet på...
Men jo; når du vert tatt såpass ofte for trafikkrelaterte saker så er det rimeleg enkelt å konkludere med at du oppfører deg som idiot i trafikken, og ikkje har tilstrekkeleg forståelse for fysikk eller trafikk til å forstå at det du gjer er farleg. Og då bør du heller ikkje ha lappen.
Del av trafikk er å samhandle med andre. Delar av det går på at eg har forventninger til at andre sånn nogonlunde held fartsgrensa i mange situasjoner. Det er ein grunn til at mopeder på motorveg ikkje er lovleg; dei har så låg fart at det er eit faremoment. Tilsvarande er det eit faremoment om nokon ligg vesentleg over fartsgrensa - fordi eg ikkje forventer det. Og i tillegg - går det til helvete så har du den vesle faktoren med at energien skalerer med kvadratet av farta. Litt grovt: det du får ei natt på sjukehus for i 70 dreper deg i 90.
At du så vaser i veg om at du er ein heilt annan liga... ja, det er du, både når det kjem til risikoforståelse og idioti. Gratulerer!