View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
To enkle referanser du har heime er is i vatn. Hiv du ein liter is i ein halvliter vatn vil blandinga stabilisere seg på 0°C. Tilsvarande vil kokande vatn ha 100°C. Du kan lage andre referanser med andre væsker eller t.d. ved å tilsettje kjente mengder salt. Det burde la deg treffe nøyaktig nok for husbruk.

Instrumentet frå Clas Ohlsson er neppe veldig nøyaktig. Type K har typisk eit par grader toleranse og opp mot ±1%, og i tillegg kjem unøyaktighet i instrumentet som les av verdiane. Det ser du og ut frå manualen:


Viser instrumentet ditt 78°C veit du at det i realiteten er 78±1.39°C... eller 1.7%. Det er ikkje spesielt imponerande.