View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av stepry Vis innlegg
Dette er en helt ny type vaksine som er utviklet i rekordfart, hvor eksperter på "feil" side av debatten risikerer karrieren ved å stille seg kritiske, og ikke blir rettferdig representert pga. den strenge sensuren på sosiale medier, twitch og youtube.
Vis hele sitatet...
Det er grunn til å minne om at bioteknologi har utvikla seg rekordfort etter år to tusen.

Mange av vaksinene vi har i dag - og som tok lang tid å utvikle - er eldgamle. Dei stammer frå ein era der vi ikkje kunne sekvensiere gener, og ikkje hadde detaljkunnskaper om korleis genomet til virus var bygd opp.

I dag har vi den kunnskapen. Vi kan sekvensiere eit virus for småpengar, og vi har brukt den evna til å spore mutasjoner.

I tillegg er mRNA-vaksiner eit nytt konsept. Det har vore forska på det ei god stund, men det er afaik første gong det blir brukt i praksis. Tradisjonelle vaksiner er ofte svekka virus eller biter av virus - som medfører større risiko. mRNA-vaksiner plukker biter frå virus som immunsystemet kan kjenne igjen, og bruker dei meir målretta.

Det fører og til at dei er ekstremt kjappe å lage. Det er ikkje prøving og feiling med å svekke virus på forskjellige vis, eller klippe ut passande biter. Det er meir målretta; dei gjekk rett på og plukke det proteinet ein trudde ville gi god immunrespons.

Så til alle dei som maser om at vaksineutviklinga har tatt kort tid: ja, og? I dag kan du laste ned ein spelefilm heime på 10 minutt. I 1980 var det utenkjeleg. Gjer det at du vel å gå på kino, framfor å laste ned filmen, fordi du tviler på at det er mulig?