View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Hopeful7 Vis innlegg
Personlig ikke stor fan av Trump, men tenker han er nødvendig og Biden er jo ikke snevet bedre så hva er egentlig argumentasjonen deres om at Trump burde dø osv?
Vis hele sitatet...
Du påstår du ikkje er stor fan av Trump - men du lenker til ting som mildt sagt er i kategorien pro-Trump av det meir ekstreme slaget. Og konkluderer med at Biden ikkje er eit hår betre.

Det står ikkje til truande. Om du har komt til den konklusjonen så trur eg einaste forklaringa er nettopp det at du er stor Trump-fan.

For Trump har bagatellisert covid. Det har han innrømt i intevju med Woodward. Han har forsøkt å stoppe etterforskinga. Det er grundig dokumentert i m.a. Mueller-rapporten, og eit utal bøker, m.a. av John Bolton.

Han har forsøkt å flytte arrangement til sine eigedomar for å tene pengar.

Kort sagt er det overveldande bevis på at Trump i beste fall har strekt regelverket. Dei fleste vil vere einige om at han har brote det - regelmessig.
Sitat av Hopeful7 Vis innlegg
Hva vil det løse? Dan Pena sier også at Trump kanskje er barnslig, men nødvendig for USA sin økonomi.
Vis hele sitatet...
Kva har Trump gjort for økonomien? Han arva vekst frå Obama, og det skjedde ikkje noko spesielt med den i noko retning under Trump - før pandemien. I kva grad konsekvensane under pandemien kan tilskrivast Trump kan sikkert diskuterast, men alle presidentar hadde truleg fått ein solid knekk under slike høve.

Men under normale høve gjorde altså Trump liten eller ingen skilnad frå Obama når det gjaldt vekst.
Sitat av Hopeful7 Vis innlegg
Han hyller heller ikke medlemmer av KKK slik som Biden.
Vis hele sitatet...
Proud Boys - stand back and stand by.
Good people on both sides...
Altså, om du hevder at det der er argument for Trump bedriv du kirsebærplukking på eit eige nivå. Trump har gjentatte ganger - meir eller mindre subtilt - støtta ymse rimeleg høgreekstreme grupper, og i beste all lete vere å ta avstand frå dei. Det har gått så langt at GOP og Mitch McConnell ber Trump ta klart avstand frå t.d. Proud Boys.

La meg repetere det: has eige parti ber han tone ned flørtinga med ytre høgre.

Og du forsøker å problematisere Biden sitt forhold til KKK? Og hevder å ikkje vere Trump-fan? Det står faktisk ikkje til truande.