Sitat av
RavnX
Hva betyr det at vi alle er sosialdemokrater?
Konteksten det vart sagt i er nyttig her.
No er rettnok sitatet tillagt Førde, men ifølgje
Wikiquote er det sagt av Lyng i 1964.
Poenget er at i etterkrigstida sitt politiske klima, fram til den første Willoch-regjeringa, var sosialdemokratiet den førande politiske tanken, og sjølv parti som Høgre (som Lyng tilhøyrde), støtta i stor grad opp om det. Det var med andre ord ein måte å gje uttrykk for at den politiske avstanden mellom AP-regjeringa som Lyng tok over for og Høgre-regjeringa til Lyng ikkje var ekstremt stor. Lyng-regjeringa hadde heller ikkje parlamentarisk fleirtal, og vart sittjande i svært kort tid.
Einar Førde kunne sikkert sagt omlag det same, og meininga hadde vore nokså lik.