Sitat av
Bankmann1
Å si det forebygger sykdommer er totalt uinteressant. Det blir som å si at man kapper av beina for å unngå potensielle plager med føttene.
Det er ei totalt usakleg samanlikning. Hugs at 75% av USA eller så er omskjært. Det er altså
beviseleg at inngrepet ikkje fører til
ekstremt store problem, noko amputasjon av beina vil gjere.
HIV er dødeleg sjukdom, som er dyr å behandle. Den tek liv, og enkelte afrikanske land har eit stort problem med HIV -
og kultur for omskjæring. Då kan fornuftig tilnærming til
harm reduction vere å oppretthalde den kulturen, men sørge for at det vert nytta sterilt utstyr. For tiltak som reduserer smitterisikoen er eit stort gode.
Det er elementær kost-nytte-vurdering. Vi gjer det i omlag alle andre samanhengar, så kvifor ikkje her? Vaksiner er t.d. noko vi gir til alle, sjølv om det har ein mikroskopisk risiko - fordi det er gunstigare for individet og samfunnet at folk er vaksinerte enn at dei ikkje er det.
Forøvrig kom ikkje du med eit komma argumentasjon. Du repeterte påstander som er repetert ad nauseam i tråden.