View Single Post
Trådstarter
31
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Om du er misnøgd synst eg du skal freiste å gjere noko med situasjonen. Du kan t.d fremme forslag på neste klubbmøte, der du ber om at det retningslinene vert teke opp politisk. De kan argumentere med at de vert bedt om å gjere noko som potensielt bryt med den hippokratiske eden (ikkje gjere skade), og profesjonsetikken dykkar (§1-1, §1-2 og §1-9.) og samtstundes slenge på at det er heilt naudsynt å fjerne oppgåver frå fastlegane (jmf tidsbruksundersøkinga)

Nett no er det jo faktisk ein helseminister som kan tenkast å vere lydhør for forslag på dette feltet. Om det skal kome endring trur eg det må kome frå legane sjølv. FHN kan kanskje tenkast å ha noko gjennomslagskraft, men dei har ikkje tilgang på den juridiske og politiske kompetansen Legeforeningen sit på.
Vis hele sitatet...
Vi prøver. Helseminister Høie kan ein seie mykje om, men han er i alle fall ikkje lydhør.

Sitat av MatPlussMat Vis innlegg
Er det sant at leger får 600kr pr pasient for Å SNAKKE om psykisk helse?
Vis hele sitatet...
Nei dette stemmer ikkje. Eg får 152 kr for en konsultasjon på 20 minutter med en pasient. Dersom eg har samtaleterapi med over 15 minutters varighet kan eg ta ein takst som gir 170 kr ekstra (skal vere meir enn å snakke om psykisk helse eller ha en "støttesamtale", dette er for eksempel kognitiv terapi med heimelekse for pasienten, evaluering av tidligere behandling osv... eg bruker denne relativt sjelden).

Oversikt over kva legen kan ta betalt skal henge synleg på alle legesenter og denne informasjonen er også allment tilgjengelig. Dei som er nysgjerrige kan følge linken under.

http://normaltariffen.legeforeningen...ariff_2017.pdf
Sist endret av Clueless; 15. mars 2018 kl. 08:20. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.