View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av frtoretang Vis innlegg
Føljetongen i VG om psykiatrien i Norge er ikke basert på anekdoter og løse historier. Det er tvert imot veldig godt dokumentert at det skjer gjentatte brudd på tvangsparagrafen, beltelegging over en lav sko og ofte helt uten vedtak og ennå oftere i lengre perioder enn hva lover og forskrifter sier.
Vis hele sitatet...
Så du bruker det at det finst data om psykiatrien som argument for at vi skal diskutere anekdoter? Eller kva er poenget ditt? Det er jo nettopp det eg skriv: å diskutere ut frå ei anekdotisk, einsidig forteljing er ikkje interessant. Det VG samla var dokumentasjon, og ei samanstilling. Det er åpenbart at det har ein heilt anna posisjon enn ei enkeltforteljing?!

Det at ein person føler seg urettmessig behandla i psykiatrien vil ikkje sei at psykiatrien nødvendigvis har gjort en feil. For det er ei subjektiv oppfatning. Eg forstår heilt ærleg ikkje kor du vil.

Brukerforteljinger kan absolutt vere eit verdifullt innspel til helsevesenet, men å diskutere helsevesenet på bakgrunn av ei enkelt brukarforteljing er meiningslaust. Du har åpenbart personlege erfaringer, og eg skal på ingen måte hevde at du tar feil - men det er eit elendig utgangspunkt for diskusjon, fordi dine oppfatninger grunnleggande er subjektive, og fordi du faktisk er ein av ein del tusen som er innom helsevesenet.
Sist endret av vidarlo; 17. august 2017 kl. 23:39.