View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av KultNick Vis innlegg
Er det virkelig ingenting i loven som sier at man har rett til å heve kjøpet dersom man kjøper en vare som selges som ny, men som viser seg å være brukt? Har man ikke i det minste krav på en vare som faktisk er ny og ubrukt? Det er jo ingen som forventer å få brukte produkter når man handler i en butikk som Biltema.
Vis hele sitatet...
At den er brukt kan vere ein mangel. Om det er ein mangel vil avhenge litt av typen vare. Om ein boks hermetikk er åpna er det åpenbart ein mangel ved vara. Om ein fastnøkkel er brukt til å stramme ein mutter er det ikkje nødvendigvis ein mangel ved vara at den er brukt - fordi det ikkje har endra vara på nokon måte.

Sveiseapparat havner ein plass mellom dei ytterpunkta. Det er typisk ein artikkel der små bruksteikn ikkje er relevant - på grunn av miljøet det typisk vert nytta i. Om det er andre bruksmerker enn 'alminnelig bruk', t.d. skade på kabel, så er jo sjølvsagt det ein mangel.

Så kort sagt kjem det litt an på korleis ein ser at det er brukt. Om ein ser at det er brukt fordi finishen på en skrue har riper etter skrujern er det neppe ein mangel. Er det brennmerker på isolasjonen på ein kabel er det åpenbart ein mangel.

Viare så gir jo ikkje mangler hevingsrett heilt utan viare. Avhjelp (feilretting) og omlevering er aksepterte måter å løyse problem på, og utgangspunktet er jo at kjøp er endelege. Begge parter er forplikta til å oppfylle kjøpsavtalen.