View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er ein mangel at det ikkje fungerer, og dei har rett på to avhjelpsforsøk, gitt at det ikkje fører til vesentleg ulempe for deg. Det gjer det neppe, og du må i utgangspunktet godta at dei vil fikse det. At dei ikkje handterer slikt på ein laurdag er neppe spesielt kritikkverdig. I prinsippet er det ingen vesentleg skilnad mellom ein mangel som viser seg i det du pakker ut vara, og ein mangel som viser seg etter tre månader.

Oppsummert så har du krav på at dei leverer ei fungerande vare innanfor rimeleg tid. Du har ikkje krav på at det skjer i dag.

Mi eiga erfaring med Biltema er stortsett at reklamasjoner er rimelig profesjonelt handtert. Det tar tid, men dei oppfyller forpliktelsane sine.
Sist endret av vidarlo; 13. mai 2017 kl. 14:01. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.