Det er ikkje noko feil i ressonementet - men du har to ulike hensyn: du har økonomisk migrasjon, som handler om betre levekår, og du har flyktninger, som flykter akutt fare.
Økonomisk migrasjon vil ikkje løyse fattigdom. Tvert imot kan det føre til "
brain drain" som kan forverre den økonomiske situasjonen for landet. For å løfte folk ut av fattigdom er det åpenbart at det beste er å hjelpe der folk alt bur. Folk i den kategorien har typisk bustad og sosialt nettverk, men låg levestandard og fattigdom. Tiltak som kan vere viktige er midlertidig migrasjon, t.d. utdanning ved vestlege universitet, for å bruke kunnskapen lokalt. Andre faktorer er t.d. stabil matforsyning og stabile politiske forhold.
Når det kjem til folk på flukt, t.d. frå Syria, så er det og ideelt å hjelpe så nær som mogeleg - men det er vanskelegare. Det er folk om har flykta, utan det sosiale nettverket sitt gjerne, og infrastrukturen i landet er gjerne ikkje-fungerande. Å ta imot flyktninger er rimeleg lett for eit industriland; vi har fungerande infrastruktur til å kunne busettje hundre tusen på relativt kort varsel - i motsetning til
mykje av nærområda til Syria, som ikkje har dei ressursane.
I Noreg har vi hatt innvandringsstopp sidan 70-talet, så vi tek ikkje inn økonomiske migrantar. USA har gjort det gjennom t.d. green card lottery.
Sist endret av vidarlo; 18. mars 2017 kl. 12:40.
Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.