View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Erlpil Vis innlegg
Jeg gikk ut i fra at tallene fra TS handlet om likt utstyr.
Du har naturligvis helt rett. Takk for rettelse
Vis hele sitatet...
Jepp. Vel så relevant er gjerne militæret som del av GDP, og der ligg ikkje Noreg påfallande lågt i Europa. Vi er over Nederland, Tyskland, Sverige, Finland etc.

Spørsmålet er og strategi med forsvarsmakta. Kor truleg er eit russisk angrep på Noreg? Relativt lite truleg. Ein ting er ymse baltiske land - der kan nok NATO sin forsvarsvilje vere så som så. Men eit Russland som angrip Noreg vil få EU og NATO på nakken. Garantert. Kanskje er det meir fornuftig å bruke pengane på å gjere allierte litt happy, ved å stille i internasjonale operasjoner?

Uansett så bruker Russland 5% av GDP - som er drøye to trillioner USD. 5% er 105 milliarder dollar. Om vi skulle brukt like mykje som Russland på forsvaret hadde vi endt på 20% av GDP. Det ville vore soleklart mest i verda, og snaut 15 prosentpoeng meir enn t.d. Israel.

Og om Russland invaderer sjekker dei neppe om vi bruker 1.5% eller 2% for å sei det slik. Vi kan ikkje matche dei i antall, altså må vi matche dei i strategi (t.d. allierte sin vilje til å stille opp), eller gi pokker til ein viss grad.