View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Dongerino Vis innlegg
Det at det er media som har klart å manipulere og lure hvermansen i gata til å tro at SOO er nynazister som vil ha alle innvandrere ut av landet, er det ikke lengre noen tvil om.
Vis hele sitatet...
Kor mykje skal til før vi kan sei det? Som eg har kommentert over er det påfallande mange som har rimelig åpenbare høgreekstreme knytninger, og ser ein på facebookprofilane til dei som framstår som leiarar så skal det mykje til å ikkje antyde at dei er høgreekstreme.

Og det er ikkje sånn at det er tilfeldige personar. Som nevnt er Ronny Alte ein av dei tidlege iniativtakarane i Noreg, og han er åpenbart greit knytta mot det høgreekstreme miljøet.

Så nøyaktig kor mykje skal til? At dei sjølv prøver å dekke litt over det faktum at det er ein stor del høgreekstreme er ikkje veldig relevant i så måte. If it quacks like a duck...

Det framstår som nær opp til special pleading å påstå at SOO ikkje er høgreekstreme, mtp. personane som er aktive, og opphavet til gruppa. Om motiva til gruppa var så uavhengige som du hevder slår det meg at dei meir aktivt hadde forsøkt å distansere seg, ved å t.d. verte med i natteramnane, eller i det minste velje eit navn som ikkje er klart assosiert med ein finsk bevegelse starta av ein åpen nynazist. At høgreekstreme liker norrøn symbolbruk gjer det på ein måte ikkje noko betre.

Så:
-Symbolbruk.
-Navn.
-Sentrale personer.
-Historikk frå Finland.

Kan vi påstå at det ikkje er veldig truverdig å kalle dei nøytrale?