View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av frtoretang Vis innlegg
Ja flere har en fortid som kriminell, men nå synes jeg du er rask med å forhåndsdømme her.
Vis hele sitatet...
Kor mykje skal til? Ein av dei første leiarane, Ronny Alte, er velkjent skikkelse på ytre høgre. Han er langt frå den mest ytterleggåande eller ekstreme, men han har ei lang og brokete historie med ymse organisasjoner, t.d. NDL/EDL og Pegida.

Fleire av medlemmene er dømt for relativt grove brotsverk, og om ein ser på facebook så er det rimeleg mange i gruppene rundt SOO som er med i langt meir ekstreme grupper. Ein av dei som står som administrator er t.d. med i 'Stopp innvandringen' og 'Norge vårt fedreland', som begge inneheld rimelig ekstremistisk materiale. Den andre likar Britain First, 'Still regjeringen for krigsrett', 'Forby moskeer i Norge NÅ', og ei neve liknande grupper.

Kor mykje skal til for å antyde at nokon er høgreekstreme? Det framstår som eit halmstrå å antyde at dei ikkje er høgreekstreme, og om du vil fortsettje på det sporet bør du argumentere med meir enn at eg har fordommer mot dei.
Sitat av frtoretang Vis innlegg
Så langt så har vel denne "turgruppa" spasert ute natterstid i helgene uten at de har vært i klammeri med noen.
Vis hele sitatet...
Det er vel, for å vere litt flåsete, omtrent det einaste dei ikkje har gjort? Så vidt eg har fåt tmed meg har det stortsett vore ein gigantisk flopp, og dei har greid å raske saman ein gjeng eit par ganger i nokre få byer.