View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Alge Vis innlegg
Tusen takk for OT innlegg og i tillegg kaller meg en umoden tosk.
kan du utdype nærmere hvor det står at jeg drar den opp bare det klikker for meg?
står vell at jeg ikke drar kniv før jeg er 120% nødt? og det tror jeg kanskje du hadde gjort selv?
Vis hele sitatet...
Det er du som heile vegen har drege fram behovet for kniv som våpen, eit behov ein del har påpeikt er oppkonstruert, og som du går langt i å vedgå at er oppkonstruert når du vedgår at det er eit rimelig sjeldant behov.

Men det at du argumenterer med at du vil ha våpen gjer at det ikkje verkar veldig truverdig, når du hevder kniven er eit verktøy som du bruker til alt. Ja, eg bruker kniv til mykje, og har kniv liggande fast på kontorpulten og heime, men eg har heilt ærleg relativt sjeldan behov for det når eg vandrer gatelangs.

Du har enkelt og greit ikkje komt opp med spesielt gode argument for kvifor du bør få gå med kniv, men du har komt opp med eit par relativt gode argument for kvifor samfunnet bør prøve å hindre deg i å gå med kniv - nettopp at du har tenkt å bruke den til å forsvare deg. Då går brått eit ran som hadde endt opp med at du hadde ein blåveis over i å verte eit potensielt drap, eller omfattande skader. Uavhengig av om det er du eller raneren som ender opp på sjukehus koster det mykje penger for samfunnet.

Så du får hoste opp litt sakleg argumentasjon for kvifor du bør få gå med kniv. Forøvrig står eg på påstanden min om at problemet er ikkje at du går med kniv - problemet er at du gir politiet grunn til å ransake deg.