View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av belisarius Vis innlegg
Politiet og forsvaret skal beskytte sivilbefolkningen, og da må vi gi dem det verktøyet de trenger for å kunne gjøre jobben på en best mulig måte.
Vis hele sitatet...
Eit av dei sentrale elementa er om vi vert tryggare. Om væpna politi fører til at kriminelle væpnar seg i større grad, vil eg påstå at vi vert i sum meir utrygge. Det er heller ikkje totalt ukjent fenomen i vestlige land at politiet er litt vel kjappe med å ty til våpen - og i så fall er det og eit problem for sivilbefolkinga.
Sitat av belisarius Vis innlegg
Dessuten ønsker politiet selv bevæpning.
Vis hele sitatet...
Politiet ynskjer seg mykje, men dei får ikkje alt. Politiet har ikkje nødvendigvis perspektiv på ting alltid, og det er ikkje nødvendigvis deira jobb å ha det heller. Det er klart at ein totalitær politistat hadde gjort jobben deira enklare, men det er å skylje babyen ut med badevatnet.

Det er såklart ei meining som må takast med i vurderinga, og politiet har komt godt fram i media med sitt synspunkt. Det er heller ikkje slik at heile politiet går i takt på dette spørsmålet.
Sitat av belisarius Vis innlegg
Dessuten kan vi ikke forvente at de som jobber som politi skal være nødt til å utsette seg for høyere risiko for skade og død enn nødvendig når de er på jobb.
Vis hele sitatet...
Risikoen er uansett svært liten, og i mange av tilfella der politifolk har omkomme på jobb, så har dei vore væpna. Ei kjapp oversikt:
2008 - politimann nedkøyrt av bilist som vart forsøkt stoppa. Våpen hadde ikkje gjort ein skilnad, og vilkåra for væpning var allereie tilstades.
2004 - politimann skoten under NOKAS-ranet. Var allereie væpna, og hadde neppe omkomme om han hadde vore uvæpna...
1998 - psykisk sjuk person skyt to personer. Det var kjent at den psykisk sjuke hadde våpen, og ut frå media var politiet og væpna, men rakk ikkje skyte først.
1991 - lensmannsbetjent sprengt av deprimert entreprenør. Våpen hadde neppe utgjort ein skilnad.
1990 - politibetjent skoten i det døra til ein bolig vart åpna - hadde neppe hatt tid til å reagere.
Så i 1973 kjem eit tilfelle der det kan tenkast at våpen hadde gjort ein skilnad - rømlingar frå fengsel skyt politibetjent med hagle. Her hadde det uansett vore grunnlag for væpning etter dagens instruks, så eit alment væpna politi ville neppe vore nødvendig.

Biletet er at våpenbruk stortsett kjem så overraskande på politiet at dei ikkje rekk å reagere, og at dei i svært mange tilfeller allereie hadde god tilgang på våpen i situasjonen. Så I tillegg er det altså 10 politifolk som er drepne sidan krigen. Det vitnar ikkje om at risikoen for å døy i tenesta er ekstremt stor.
Sitat av belisarius Vis innlegg
Kanskje det kunne vært en god ide å bygge opp heimeværnet igjen, og gi folk en grunnleggende opplæring i objektsikring, VPK (veikontrollpost), våpenbruk og annet som kan være nyttig i en krisesituasjon.
Vis hele sitatet...
Trenden vi ser av angrep er hit'n'run, eller varianter av det. HV vil ha minimalt å bidra med i så måte. Korleis ville det bidrege i t.d. Paris? Eller Utøya? Eller skytinga i USA for ei stund sidan? Eit sterkt sivilforsvar, og godt opptrente naudetatar kan derimot vere svært viktig.

HV jo først kunne vere ein innsats om det er angrep som pågår over tid, og det er ein type angrep vi aldri har sett i vesten, og som krev langt meir ressursar enn t.d. Paris, 11/9 etc.
Sist endret av vidarlo; 8. desember 2015 kl. 19:29.