View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av denim Vis innlegg
Du finner det ikke problematisk at politikere sitter på hemlige møter sammen med verdens rikeste og diskuterer om det er for mange av oss?
Vis hele sitatet...
Det er din påstand at dei diskuterte om det er for mange av oss. Erna Solberg sa at dei diskuterte utfordringer ved befolkingsvekst.

Forøvrig er det ikkje ubetinga negativt å diskutere om ein kan redusere befolkinga. Kina har ekstrem politikk på feltet, men det finst langt mindre radikale tiltak som over tid vil redusere fødselsoverskotet, t.d. utdanning, betre tilgang på prevensjon i utviklingsland, økonomiske incentiver for å få få unger etc.

Så for det første så les du alt for mykje inn i ei setning, langt meir enn det er grunnlag for, og for det andre så er ikkje det ubetinga problematisk sjølv om du skulle ha rett - noko eg er rimeleg overtydd om at du ikkje har.
Sitat av denim Vis innlegg
Redningspakkene til bankene, hvor bankene spiser opp økonomien, er nettopp det som er den nye verdensorden, en verden styrt av store banker og multinasjonale selskaper. En type nyføydalisme, hvor de rike blir rikere, og resten blir fattigere og fattigere:
Vis hele sitatet...
Samtidig gjer bankane ein viktig samfunnsjobb ved å formidle kreditt. Dei er spesialister på ein type risiko. Sure, eg er ikkje ein stor tilhengjar av kapitalismen, og er heller ikkje ueinig i at skilnadane aukar, men kjeldene dine seier ikkje det, og fractional reserve banking er ikkje grunnen til at skilnadane aukar.
Sitat av denim Vis innlegg
Vis hele sitatet...
Det er verdt å minne om at levealderen har auka kraftig i Noreg, og resten av verda, så å auke pensjonsalderen i takt med den utviklinga er ikkje heilt urimeleg. Det er forøvrig eit resultat og av at befolkingspyramiden har endra seg; det er færre unge og fleire eldre, noko som gjer at pensjonsordningane vert dyrare med tida.

Kort sagt, du tolker ting til det ekstreme og dreg konklusjoner det ikkje er grunnlag for. Det meste av dei tinga du nevner er veletablert konspirasjonsvås, og ikkje spesielt interessant. Du finn ein del om NWO, New World Order, her.

Vil du utgjere ein skilnad så er beste tipset å komme med sakleg og velfundert kritikk. For då kan det hende folk vil lytte. Det du kjem med no er totalt verdilaust, for det har ikkje rot i realitetane. Bilderberger er i utgangspunktet eit gode; ein uformell møtearena. Og kapitalisme har svært så problematiske sider, men det drukner i støyen du skaper rundt budskapet ved å tru på den gjengen som preiker ekstremistisk vås utan bakkekontakt.
Sist endret av vidarlo; 4. april 2015 kl. 00:46.