View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av random12345677 Vis innlegg
Har mange ganger kommet over utsagnet; ''USA har aldri gått inn i en krig uten at det hadde økonomiske fordeler for dem selv''. Noen som kan avkrefte, eller bekrefte?
Vis hele sitatet...
Stryk økonomiske. Det er jo rimeleg åpenbart at dei ikkje vil gå til krig med mindre dei trur dei vil få ein fordel av det. Fordelen kan vere abstrakt, eller meir direkte. Det gjeld alle land med overlevelsesinnstinkt. Einaste det ikkje gjeld er ein del land som har hatt meir eller mindre skadde diktatorer, t.d. Irak i første gulfkrigen, og gjerne det tredje riket - sjølv om dei trudde dei ville tene på det.

Under abstrakte fordeler så kan det vere ei tru på demokrati som styreform som gjer at det å avsettje diktatorer kan sjåast på som ein fordel for alle - inkludert landet som gjekk til krig for å gjennomføre det. I praksis vil ulike grupper vekte alle konflikter ein plass langs den aksen. Hauker i Pentagon vil hevde dei gjekk til krig mot Irak for å befri Irak frå Saddam og beskytte verda mot terror. Lefties vil antakeleg hevde at det var oljen (altså meir direkte fordel) som var grunnen. Sanninga er stortsett ein kombinasjon av mange faktorer.
Sist endret av vidarlo; 20. desember 2014 kl. 14:38.