View Single Post
Skal ein snakke om satanisme er det nok lurast å la dei som reknar seg som satanistar få definere religionen sin sjølv. Om ikkje havnar ein fort i ein slik situasjon som Yezidiene fekk oppleve under IS nyleg.

Det er klart at ein finn demonar i system som Thelema og IOT, men det tyder ikkje naudsynt at desse er satanister, eller at dei i det heile trur på demonar som noko som eksisterer utanfor hovudet til folk.

Eg har aldri sett noko prov for ein gamal religion som har kalt seg sjølv for satanistar, som Azazel hevdar. Det har derimot vore menneskje som har drive med demonologi, gjerne innanfor etablert kristendom, men som i tilfellet med Thelmitter tyder ikkje dette automagisk at dei er satanister. Om dei vert kalla det, er ikkje det fordi nokon freister å definere det dei driv med som ein religion, men heller som eit skjellsord for å markere at dei er vranglærarar.

Oppsummert: Det er stor skilnad på satanisme som organisert religion, og det ein retorisk kallar satanisme for å sette skiljeliner mellom rett og vrang lære.

Når det kjem til kvifor nokre vel å kalle seg for satanister, til trass for at ein då impliserer tru på eit anna system (noko eg er sikker på at ikkje har gått satanistane hus forbi), vil eg tru det er for å vise at moralske høve, som i t.d. kristendommen har blitt kalla satanisme, ikkje treng å vere feil, men faktisk kan vere ein måte å tenke på som gjer meining for dei det måtte gjelde. Ein tek med andre ord ikkje heile kristendommen for god fisk, men bruker element frå religionen som er knytta til vondskap i ein ny kontekst, kor elementa får ny moralsk meining.

Sjølv syns eg ikkje denne måten å tenke på er så dum som ei form for dialektikk, sjølv om det som Choobe påpeiker gjerne framstår som eit litt banalt forsøk på gjere seg sjølv "edgy."
Sist endret av snegler; 8. desember 2014 kl. 13:13. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.