View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Halvparten av innvandrarane er frå Europa. Fleirtalet av dei er det så godt som ingen diskusjon rundt - det er almenn støtte på Stortinget til Schengen, og det ser ut til å vere rimelig bra oppslutning i folket også om det.

10000 søker om asyl i Noreg ifølgje kjapt googlesøk. Det vil sei 0.2% av Noregs befolking. Om vi antar det talet har vore statisk dei siste tjue åra (det har det ikkje; artiklane om ti tusen hevder det er rekord), vil det sei to hundre tusen, 4% av befolkninga.

I tillegg er definisjonen av nordmann her ein som har besteforeldre frå Noreg. Det vil sei at rimelig mange av mine venner, frå familier som utelukkande er å oppfatte som norske, vil gå som innvandrarar fordi det er litt svensker og plukk inne i bildet. T.d. ei eg kjenner, som har svenske foreldre, svensk statsborgarskap, snakker kav haugesundsdialekt, og har butt i Noreg heile livet.

Kort sagt så er det ikkje veldig interessant innlegg i diskusjonen om innvandring, fordi talet ikkje seier spesielt mykje.

Sitat av Taurean Vis innlegg
eller å bli en like lidenskapelig forkjemper for demokrati på fritiden som det utlendingene er for sin religion og tro. Vi har et valg.
Vis hele sitatet...
Kva verd er det du er i? Einaste fanatiske utlendingae eg kjenner er amerikanarar som insisterer på at gud elsker Amerika. Hugs at halvparten av alle utlendingane (ifølge aftenposten) er europearar. Og at 20% er asiatar. Og at svært få av dei er asylsøkjarar, men heller folk som kom som arbeidsinnvandring på syttitalet, eller under Schengen-paraplyen.