View Single Post
Eg kjenner mange som er langt betre enn meg til å løyse problem. Gjerne innanfor matematikk. Problemet deira er at dei ikkje klarar å få det ned på papir på ein skikkelig måte, eller at dei berre ikkje klarar å interessere seg for visse tema i pensum.

For min del har eg vorte tildelt den perfekte mengda sjølvdisiplin, intelligens, konsentrasjon og motivasjon som trengst for å komme seg igjennom det moderne skulesystemet. Akkurat kva som kan kallast smart og ikkje, burde vel kanskje bestemmast av kor godt ein klarar seg i samfunnet. Ikkje kor høg IQ ein har.