View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Boo-Boo Vis innlegg
Man kan ikke bare se bort ifra avgiftene da de som har monopol også styrer avgiftene.
Vis hele sitatet...
Nei, vinmonopolet styrer ikkje avgiftene. Vinmonopolet er ein seperat organisasjon, med eit mandat om å drive utan overskot.
Sitat av Boo-Boo Vis innlegg
Hvis avgiftene ikke hadde vært der hadde prisene gått opp. Utenlandske alternativ vil alltid være billigere pga konkurransen.
Vis hele sitatet...
Faktum er at eg viste at det er feil. Dyre ting er billig, fordi dei ikkje skal ta ut eit overskot, og billige ting er dyrt, på grunn av avgiftene. Monpolet i seg sjølv fører ikkje til høge priser, og vi vil antakeleg få prisoppgang på dyre ting ved ei liberalisering av alkoholmarkedet.
Sitat av Boo-Boo Vis innlegg
Over 1500kroners grensen vet jeg ikke noe om, og det har heller ikke noe å si for en gjennomsnittlig nordmann. De færreste kjøper vin til over 1500kr. Det er en grunn til at pappvin er veldig populært i Skandinavia... Men joda, at statlig monopol ikke trenger å gjøre noe dyrere er muligens sant, men det vil uansett alltid skje. Når de ikke har noen å sammenligne seg med, ingen andre butikker som prøver å holde prisene nede så vil det alltid bli dyrt og av dårlig kvalitet.
Vis hele sitatet...
Vinmonopolet er jo igjen eit utmerka eksempel på det motsette. Dei har generelt lite forteneste, og det som driv opp prisane på billigprodukt er avgiftene - ikkje avansen til seljar. Viare så motseier du deg sjølv når du kjem med gullkornet "Men joda, at statlig monopol ikke trenger å gjøre noe dyrere er muligens sant, men det vil uansett alltid skje."

Dessutan er det feil at vinmonopolet ikkje har nokon å samanlikne seg med; dei kan samanlikne seg med t.d. vilkårlege euroepiske butikkjeder i land med liberal alkohollovgjeving.

Viare er ikkje vinmonopolet av dårleg kvalitet. Uansett kor du bur i Noreg, vil polet kunne bestille inn det du vil ha. Det er få butikker som tilbyr samme grad av service som vinmonopolet. Tvert imot har pola i bergen vel så stor grad av utval og kunnskap som t.d. whiskysjappa på Schippol Airport - som altså er ei spesialisert whiskysjappe. Og da tenker eg ikkje på vinmonpolet i Valkendorfsgate, som er i særklasse.

Og når det kjem til vin er eg overtydd om at dei kan meir om det dei sel enn ein tilfeldig person på Rimi, så kor i alle dager du får inntrykket om dårleg kvalitet fra er eit mysterium.
Sitat av Boo-Boo Vis innlegg
Monopol er monopol, enten det er staten som har monopol eller om det er en privatbedrift - resultatet vil alltid bli det samme.
Vis hele sitatet...
Nei, det vil det ikkje, fordi staten ikkje nødvendigvis vil utøve monopolposisjon for å tene mest mogeleg. Ein privat aktør vil truleg søke å tene mest mogeleg, med mindre den er grunnlagt med retningslinjer som seier noko anna.

Du overser totalt det at ein statleg monopolist er underlagt statleg kontroll, som kan nyttast til å styre drifta i ei ønska retning.