View Single Post
Særskriving er eit stadig veksande problem i dag. Samansette ord som ikkje skal delast blir delt, og det har nesten gått så langt at det er vanlegare å finne orda delte enn det er å finne dei samansette.

Det ein trur som medverkar til problemet er at stave-og grammatikkkontrollen i tekstprogrammer ikkje godkjenner samansette ord som korrekt skrive, men vil foreslå å dele dei. Samtidig som vi stadig blir påverka av engelsk der dei stort sett delar alle ord.

Eg vil ta for meg ein annan grunn til at dette problemet ikkje ser ut til å betre seg. I lærarutdanninga eg held på med har eg fått sjansen til å studere lærebøker for heile grunnskulen, og kan forskrekka konstatere at særskriving ikkje er eit tema. Kompetansemåla i norsk (i LK06) nemner lite om rettskriving i det heile, det kan hende det er underforstått men det slår meg som noko merkeleg. Det er dermed ikkje eit mål at elevane skal kunne skrive samansette ord. Så ein elev kan, om læraren ikkje tar det opp på eige initiativ, gå gjennom heile grunnskulen utan å vite at særskriving er eit problem i Noreg i dag.

Det har heller ikkje lykkast meg i å finne nokre enkle reglar for kva ord som skal delast, og kva slags ord som er samansette. Her er det eg treng hjelp!

I lærarpraksisen prøvde eg å bevisstgjere elevane mine på orddelingsfeil, og eg prøvde å lage to rettesnorer som dei kunne følje.

1.Dersom ordet endrar meining når ein delar det, så skal det heller ikkje delast.
Døme: Fiskesuppe er ein matrett, men å fiske suppe er ikkje mogeleg. Trillevogn er ein ting, men å trille vogn er ein aktivitet.
2.Landsmøte, er sett saman av orda "land" og "møte". Midt mellom dei to orda er det ein "s", dette er ein fuge for å binde saman orda. Om ein delar "landsmøte" vil ein få ordet "lands", dersom eit ord blir ståande aleine med ein "s" på slutten, så kan det vere at ordet ikkje skal delast.

Eg er ikkje nøgd med desse reglane, og eg veit ikkje om dei er konsekvente nok til å i da heile verte kalla for reglar. Veit de om nokre andre, gjerne enklare, reglar for særskriving? Eg tar gjerne imot kritikk på mine rettesnorer/reglar.

PS: Kjem til å utfordre høgskulelektorane mine med det same.
Sist endret av Sem; 16. mai 2011 kl. 01:14.