View Single Post
Sitat av slashdot Vis innlegg
Konfirmasjon er ein kristen tradisjon, men så godt som alle kulturer har overgangsritualer for å markere overgangen mellom barn og voksen, og historisk sett har den kristne konfirmasjonen vore det. Så kvifor skal ikkje humanetikarar ha rituale og merkjedagar på line med samtlege andre kulturar i verda?
Vis hele sitatet...
Godt poeng. Så vidt eg veit er konfirmasjonen ganske gamal somme stader i Noreg — venteleg langt atti førkristne vikingtidi, har eg høyrt.

Med det sagt, er det liti usemje om at dei humanistiske verdiane mest er kristne verdiar i sekulær form. Grunnlaget deira, serleg for menneskerettane, ligg i alle høve hos gamal katolsk naturleg lov. Prinsippi er i stort mon utleidde a priori gjennom logikken. Men så må det jo liggje eit premiss til grunn. Dei kristne og humanistiske prater båe om ein "menneskeleg essens", og det er frå dette prinsippet at idéen om individuelle rettar og pliktar kjem. Det er derfor den offentlege forvaltningi regelrett nemner ein "kristen-humanistisk verdiarv".

Så det er vanskeleg å sjå problemi med ein humanistisk konfirmasjon, i minsto for meg. Rett nok pratar mange kristne i Noreg om at konfirmasjonen er ei slags stadfesting av dåpen. Men i dei fleste store kyrkjesamfunni er konfirmasjonen ein transformasjon, ikkje ein juridisk prosess. Her vil eg tru den humanistiske konfirmasjonen faktisk ligg nærare idealet enn hine brautute og lite rause kristne. Han legg jo stor vekt på evnen til å føle med andre menneske og vera ein god person, ikkje pugging av Bibelvers og dynking i heilagvatn til rituelt rett tid.