View Single Post
Sitat av Provo Vis innlegg
Så du mener de gikk tilbake på uttalelsen sin i frykt for ytterligere represalier og sjikane, og ikke på faglig grunnlag? Jeg finner det vel kanskje vanskelig å tro [ . . .]
Vis hele sitatet...
Dei fleste som fylgde saki har fått med seg at dette var tilfellet. Det fantest ein høglydd men liten dissens i sjølve styret, men til sist er (var) rådet styrt av Lomheim. Det er sjølvsagt ikkje openbert kvifor Språkrådet er så svakt — om ein ikkje kjenner historia bak. Rådet heitt tidlegare Norsk språknemnd (frå 1952) og skulle fremje ei samanslutning av bokmålet og nynorsken. Dét vart folk sinte for, for dei var allereie lei samnorsken — jamfør Foreldreaksjonen mot samnorsk m/ ein halv million underskrifter (1951). Nett fordi språknemndi var så mektig og laga til eit så fælt eit bråk, ynskte Stortinget å skape ho om til eit slags kastrert «kompetansesenter» for norsk språk. Dette var sluttført i 2003. Språkrådet har dermed mista sin klåre autoritet i normeringsspørsmål, også når det gjeld omgrepet «nordmann».

Sitat av Mith Vis innlegg
Nordmenn har norsk statsborgerskap og så enkelt er det.
Vis hele sitatet...
Eg orsakar at du er tunghøyrt, men det er ikkje så enkelt som du skal ha det til. Bastante, reduksjonistiske tilnærmingar dug ikkje i alle ordskifte må vita. Kva skal ein til dømes kalla nordmenner før vi fekk statsborgarskap? Eller trønderane som i mange år var i Herjedalen, fyrst i Noreg, sidan i Sverige, så i Noreg og så vidare. Ein mun tru dei brått byrja snakke svensk, eta kjøtbollor og stappe snus opp lippa.
Sist endret av uppdali; 6. januar 2011 kl. 16:08. Grunn: skrivarleifir