View Single Post
Sitat av Matthiesen Vis innlegg
I fare for å bli slaktet: Kutt ut sidemål.
Vis hele sitatet...
Det er rett nok ordskifta om i andre tråder. Det finst ikkje eit serleg godt grunnlag for å fjerne sidemålet, alt etter det eg veit.

Eg tykkjer argumentet mot sidemål — og i praksis: nynorsk — er litt merkeleg. Den gjengse argumentasjonsrekkja er omlag såleis: Vi forstend kvarandre heilt fint, og det er ikkje så viktig kva målformi til folk er. Derfor er det ikkje naudsynt å bruke mykji tid på å bevare jamstellingsvedtaket. Men, det er lett nok å snu på det: Sidan målform visseleg ikkje er vektig for bokmålsfolket, kan jo alle —*dei med — skrive nynorsk. Men her vil ingen vike.

Eg trur nok skulen har meir grunnleggjande problem enn sidemålsordningi, til dømes skort (mangel) på menner i dei tidlege årsklassane i grunnskulen. Dermed fær ikkje unggutane nokre førebilete å sjå opp til. Dessutan er det ein uvettes stor fokus på «integrering» av ei og onnor gruppe, same kva for behov dei har i undervisingi. Vi hadde eit utal med funksjonshemma på skulen min, utan at dei fekk det så betre av å sitje i klasserom og ha ein assistent som kom opp til dei nokre gonger i timen.