View Single Post
Sitat av Provo Vis innlegg
Spiller ingen rolle hva du "ser på det som". Har de norsk statsborgerskap er de per definisjon nordmenn. Det er derfor feil å si at det bor 11,4% utlendinger i Norge.
Vis hele sitatet...
Du er nok litt for sjølvsikker her. Det finst ingen definisjon som slær fast at "nordmann" er det same som norsk statsborger. Det tyder enkelt og greitt «mann (menneske) frå nord», og er ein peikar tilbake på tidi Noreg var nokså homogent og den etniske mobiliteten langt mindre. Sidan kom nasjonsbyggingsprosjektet — også med etniske undertonar. Det er derfor det ikkje finst noko reint fram fasitsvar på kva nordmenner er og ikkje er. Det er fyrst og fremst eit historisk perspektiv på samfunnet og folki i Noreg.

For at innvandrarar av andre og tridje generasjon skal bli "nordmenner", må det koma eit nytt nasjonsprosjekt med statsborgarskap i sentrum. SV har vori innom tanken fleire gonger, men det er lell ein del skepsis. Noko av poenget med nasjonalstaten er at makti ikkje skal vera bundi til eit abstrakt statsapparat (som hos dei gamle kongeriki), men til eit folk — det vil grovt seia ein utvida familie, kvar verdiane og rituali er ganske like. Det er derfor mange politikarar vil normalisere innvandrarkulturen, til dømes kjønnslemlesting eller halal-slakt eller Islam, til noko meir historisk norsk. Det er den einaste måten å halde på nasjonsprosjektet og samstundes unngå parallellsamfunn, som med tidi kan bli til eigne nasjonsprosjekt (jmfr. Kosovo).