View Single Post
Sitat av atomet Vis innlegg
"en del blant norges folk" - sist jeg sjekka hadde vel FrP ca 23%, det vil si at det er ca 77% som IKKE er enige med dem... Så at det er en del som ikke henger med - ja, helt klart. Ca 23%.
Vis hele sitatet...
At 75 % eller whatever ikkje røystar på Frp tyder ikkje at dei er ueinige med Frp i einskildsaker som innvandring, avgiftspolitikk eller so'nn der. Flestalle er vel rædde for liberalismen i Frp, fordi nordmenner trur meir på statlege fellesskapen enn å rusa seg på individualismen.

Argumenti mot og for Frp er sjeldant bygde på fornuft. Hemn-tanken er vel mest det som kjem fram. Veljarmassen åt Frp kjem oftast frå gruppar som bygdefolk og fatige. Desse er utsette for eit skjult hån frå den sosialdemokratiske eliten med rich kids. Arbeidarklassen mistar jobbane sine åt innvandrarar som bryt med fagforeningi og tek usosialt låg løn. Bygdingane ser byane fær heile potten, enno byane er fulle av kriminalitet og AIDS. Rich kids meiner framleis dei kann læra detta folket eit eller anna, som å vera tolerante eller senda pengar til Afrika. Dette fær ikkje bygdingen peiling på — han treng desse pengane, kvifor senda dei ut?

Inntil andre parti enn Frp og Senterpartiet startar med å henta folk «frå bakkom» og snakka om detta, vil ikkje Frp døy ut.