View Single Post
Ut ifrå det me har blitt informert om gjennom media kan me ikkje avgjøre om dei er skuldige eller ikkje.

Dei "bevisa" som er vist oss ville ikkje blitt godkjent som eit fellande bevis. Det desse "bevisa" nede i Kongo er blitt brukt til er å framvise Moland som ein kaldblodig morder og ein regelrett galning som ikkje bryr seg om noko. Han bygger jo opp under dette bilete sjølv med sin tilbakelente og arrogante holdning i retten, og det er dette den militære domstolen har dømt han for, at han fremstår som ein morder.

Nå er det jo sånn som Stormen har nemnt tildligare at denne dommen ikkje er rettskraftig. Dei kan fortsatt anke. Det vil vell egentlig sei at dei er fortsatt ikkje er bevist skuldige.

Kva kvar og ein av oss måtte meine om skuldspørsmålet er jo opp til oss, men det blir for det meste synsing.
Mange baserer jo sitt svar på bilete der Moland står og vasker blod utav setet. Det beviser jo ikkje at han har drept nokon, bare at han har vore på åstedet, noko som han sjølv har sagt i retten. Eg har ikkje fått noko inntrykk av at dei har utført obduksjon på liket for å få tidsfesta kva tid sjåføren blei drepen, og me har heller ikkje fått vite kva tid dette bilete blei tatt, bare at det er tatt etter at sjåføren er skutt.

Skuldige eller ikkje, det vil eg ikkje spekulere i, men eg meine alle er uskuldige til det motsatte er bevist.