View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av meitemark Vis innlegg
Slik verden er bygd opp i dag MÅ folk tjene penger for å kunne leve. Så for at låtskrivere/ musikere/ studioarbeidere osv skal leve må da nødvendigvis noen betale for morroa, på tross av at distribusjonskostnadene er minimale.
Vis hele sitatet...
Og der har ein fleire mekanismer ein kan nytte, og nytter:
  • Konserter er naturleg knappheit på, så der kan ein ta betalt.
  • Komersiell bruk stiller IMHO i anna klasse enn privatkopiering, så ein kan beholde radiokanaler si betaling.
  • Ein kan appelere til at folk donerer om dei liker musikken.
  • Ein kan selje musikken, i lossless-kvalitet.
  • Ein kan finansiere kultur over statsbudsjettet. Vi har jo rammeverket for å fordele pengar på plass: Tono.
  • Bruce Schneier har lansert eit konsept der privatpersoner garanterer for ein sum dei vil betale når utøveren utgir et verk.
Kort sagt er det veldig mange alternativ til dagens lovgjeving. Dette er eit par som er rimelig kjapt lista opp. Poenget mitt er ikkje nødvendigvis at vi på død og liv må endre dagens system vesentlig, men sidan forutsetningene for kopiering er heilt andre i dag enn når opphavsretten vart innført, så er det på tide med ein brei, offentleg debatt om det. Å konkludere med at det er ok slik det er i dag blir feil i mine auge, når så mange bryt lova, og forutsetningene er så totalt endra.
Sitat av meitemark Vis innlegg
Men så er det da heller ikke privatpersoner som lager musikk og deler den fritt ut det er snakk om da. Det er snakk om de individene/gruppene som gjennom prosenter av fortjeneste får alt dette betalt og gjort av folk som har det som jobb. Disse har frivillig gått til en enhet (platebransjen) som kan sørge for at det blir tjent penger på disse individene/gruppenes arbeid.
Vis hele sitatet...
Så fordi dei før har tent pengar på det så har dei rett til det for all framtid? Då er dei i mine auge dinosaurar. Det som er vanleg i slike tilfeller er å sjå etter alternative driftsmåter, og då er jo ting som samlebokser, konserter etc. ting som ein kan skape knappheit på, og dermed ta betalt for.

Det å ta betalt for noko som ikkje er knappheit på trur eg vil bli vanskelig - uansett legaliteten. Og musikk er ikkje knappheit på i dag, og eg spår at det aldri vil bli det.
Sitat av meitemark Vis innlegg
Hva? Er det nå slikt at siden alt kan kopieres fritt og gratis så skal da alle kunne dele det uten at noen tjener penger? Opphavsrettighetene gjelder fortsatt, uansett hvordan mediet blir distribuert.
Vis hele sitatet...
Nei, her misforstår du det eg skriv. La meg sitere meg sjølv:
Sitat av Slashdot
Det er ein situasjon som er såpass radikalt forskjellig fra utgangspunktet for opphavsretten at det er på høg tid at vi tar ein grundig debatt om opphavsrett.
Vis hele sitatet...
Eg vil ha den debatten. Mitt syn er at endringane ubønnhørleg vil føre til at musikk, og kultur generelt, i digitale opptak i praksis blir gratis. Om det skal skje via finansiering over statsbudsjettet, eller utan kompensasjon til kunstnarar har eg sagt lite om her.

Men at vi treng ein debatt om opphavsrett? JA!
Sitat av meitemark Vis innlegg
Men selv om produktet er der på feks TPB, og det ikke finnes tilgjengelig i butikkene, vil det da si at man kan piratkopiere det og drite i opphavsrettighetene? Fuck it, NEI. Det er ingen livsnødvendighet å ha musikk eller film eller spill.
Vis hele sitatet...
Det er det ikkje, men om det ikkje finst tilgjengeleg i butikkane så er det jo vitterlig victimless crime. Det er ikkje eingong eit teoretisk tapt sal sidan det ikkje er mogeleg å få kjøpt, så artisten har beviselig ikkje tapt på det at all.

Tingen er at for 50 år sidan trengde ikkje vanlige folk å bry seg med opphavsrett. Det å kopiere store delar av eit verk var utenkjeleg. I dag er det brått noko som angår oss alle, fordi det å surfe på nettet er potensielt brot på norsk opphavsrettslovgjeving, og det er relativt få dommer på området - så det er uklare regler, og dårlig opplysning om regelverket. I tillegg er det, som nemnt, grunnleggande endringer i måten vi behandler informasjon på.

Og _det_ er grunnen til at vi må ha den debatten om opphavsrett!