View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Spørsmålet en bør stille seg er jo kva som er føremålet med straffa:
  • Hevn?
  • Beskytte samfunnet?
  • Forebygge/avskrekke?
Norsk strafferett bygger på dei to siste punkta, og ikkje på hevn. Straffa skal beskytte samfunnet, og forebygge/avskrekke kriminalitet. I tillegg skal det så klart oppfattast som ei straff.

Problemet ved å innføre hevnmotiv som del av straffa er at det blir nettopp det - hevn. På kva måte tenar det samfunnet? Det gjer ikkje det i heile teke. Tvert imot får ein utgifter til hjelpemiddel til ein blind person ekstra, ein får mindre skatteinntekter på grunn av ein person mindre i jobb og meir...

Eg er rimelig glad for at hevnmotivet er ute av norsk strafferett, og eg ser heilt ærleg ingen grunn til å ta det inn igjen, all den tid kriminalitet av denne typen stortsett blir utført i affekt. Eg trur ikkje på at det ville hatt større avskrekkande virkning. For om det hadde hatt større avskrekkande virkning, kvifor ser ein denne typen saker i Iran, men ikkje i Noreg? Så nei takk til bestialsk straff! Nei takk til hevnmotiv som faktor i straffeutmålinga! Det tener ingen, og ein øydelegg liva til folk med det!