Tråd: Kapitalisme
View Single Post
Mykje har gått gale. Problemet er overregulering og ikkje for lite regulering av markedskreftene. Kapitalisme betyr vel berre at produksjonsmidla er i henda på private og ikkje staten, men for at vi skal ha ein god marknadsøkonomi må fleire krav vere oppfylde.

Kapitalismen skapar ikkje store klasseskilnadar. Ikkje so lenge folk har næringsfridom og kan starte verksemder når dei ynskjer der. Rockefeller som du nemner var faktisk berre ein fattig lausunge før han skipa Standard Oil (som forøvrig vart tvangsoppløyst i 1911).

Eit kapitalistisk system kan kollapse, men berre når staten prøvar å tøyle/påverke marknadskreftene. Vi har sett den seinaste tida at verdas sentralbankar i stor grad har prøvd å få til ein kunstig høg vekst gjennom å auke pengemengda for mykje og ha for låge renter. No ser vi kor gale det går med slike manipulasjonar.

Og so er spørsmålet om sosialismen er betre? Ein britisk filosof som jobba på Karl Marx si tid, John Stuart Mill, i utgangspunktet ein sosialliberalar, fekk sansen for Marx og Engels sine skriverier. Han meinte at arbeidarane ville ta over produksjonsmidla, men at det ville skje gjennom marknadsøkonomien. For det er jo strengt tatt ingen ting i vegen i ein marknadsøkonomi for at arbeidarane i ei bedrift kan gå saman og starte ei ny bedrift og drive den etter "demokratiske" prinsipp, som m.a. ein del i SV ivrar for. So kvifor gjer ikkje arbeidarane det? Eg trur dei ser at dei vil vere tent med gode leiarar og dyktige kapitalistar som eigarar. Om dei ikkje gjorde det so kan dei jo berre kvitte seg med dei, innanfor ramma av både kapitalismen og marknadsøkonomien.