View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
For å ta ei langt betre samanlikning av enn den med bananskallet:

Eg har heilt ræva elendig sangstemme, og er fullt klar over det. Like fullt synger eg i ny og ne med til Rammstein når eg kjører bil, og om eg har passasjerer får eg stortsett uten unntak beskjed om å holde kjeft. Sett at eg brått hadde med meg musikkanmelderen i dagbladet av ein eller annan grunn, og kom i skade for å synge med vedkommande med meg, så ville eg akseptere at vedkommande ba meg holde kjeft. Eg ville IKKJE bli blid om vedkommande valde å skrive anmeldelse av meg i dagbladet. Rett og slett fordi det var ein privat situasjon.

Om eg derimot hadde leigd Oslo spektrum, og selt bilettar hadde eg måtta rekne med, og tålt, totalt slakt i dagbladet dagen etterpå. Fordi eg då hadde gjort handlinga offentleg, og måtte vere førebudd på kritikken eg fikk.

Det blir omtrent det samme. Hadde Frank Aune publisert dette på bloggen sin, hadde eg ikkje kritisert han for det. Det får vere has publiseringsplass. Eg kunne ha kommentert det på bloggen, og antyda at det var lite truverdig, men eg hadde ikkje brydd meg nevneverdig meir med det. Det Frank Aune, og ITPro gjorde, var å publisere det på ei stor nettside, med mange besøkande, som framstår som seriøs. Når ein hevder å ha ein million lesere i måneden, så trur eg ikkje at argumentet om at dette ikkje var ei offentleg haldning er spesielt realistisk. Difor meiner eg at det er rettmessig å kritisere handlinga redaktøren Aune gjorde.

På samme måte som dagbladet hadde vore i sin fulle rett til å slakte sangstemma mi om eg valde å opptre offentleg.