Det er nok mange rundt omkring på diverse forum som kunne trenge både eit og to språkkurs. Og eg må seie eg byrjar å bli småirritert over alle moglege, nokon nært opptil umoglege og enkelte høgst personlege dialektar, og bevisste skrivefeil som florerer på nettet. Det verste er gjerne når ein får servert tjukk skriftleg dialekt, og er ho godt krydra med 1337-"bokstavar" og uttrykk, då seier eg takk for meg. Det er jo tilnærma uleseleg . Eg meiner, har me ikkje utvikla eit språk fordi me skal kunne kommunisere i eit litt vidare spekter enn å klubbe kvarandre i hovudet med diverse formar for primitive slagvåpen? Og viss me først har eit, eller to velfungerande skriftspråk, kvifor skal det då vere umogleg å bruke noko som i det heile liknar på eit av dei?
Eg har sett diskusjonar der ein forsvarar dårleg rettskriving med at folk kan ha lese- og skrivevanskar, og i dei tilfella der det faktisk stemmer er dei sjølvsagt tilgitt eit par skrivefeil. Likevel synest eg det er litt merkeleg at halvparten av forumbrukarane i enkelte forum skal ha kraftige lese- og skrivevanskar.
Det vil nok alltid vere rom for forbetring i skulen, men eg klarer ikkje heilt sjå for meg at forfallet frå då eg gjekk på barneskulen til no skal ha vore så stort som enkelte kan få det til å virke som. Eg trur nok meir på at problemet ligg i at mange tenker; "Sidan eg ikkje er på skulen treng eg ikkje skrive korrekt". Så min teori på kvifor folk skriv så dårleg på forum er nok at det berre er latskap.
Angåande tekstmengde synest eg det er ein interessant teori, men eg trur ikkje det går så utruleg mykje raskare å skrive på indre døl med omtrentleg 10% meir smilefjes enn tekst, enn det gjer å skrive normert. Eg synest òg det er mykje lettare å lese ein tekst på enten bokmål eller nynorsk enn det er å lese noko på fantasifull dialekt, derfor vil det vere tilnærma utenkeleg for meg å lese ein blogg som er skriven på dialekt. Og viss det er mange nok som faktisk ikkje les ein blogg på dialekt forsvinn vel mykje av poenget med å skrive han?
Det eg finn mest interessant, og dermed verdt å diskutere i denne samanheng er om me byrjar å gå inn i ein ny fase der ein byrjar å skrive meir normert igjen. Eg har sett på fleire forum rundt omkring at folk byrjar å gå lei nesten uleselege innlegg, og eg synest eg ser ein tendens til at fleire og fleire påpeikar skrivefeil, og nokon startar til og med forumtrådar eller eit
ordpoliti for å belyse problemet. Trur dykk at dette berre er dei siste krampaktige forsøka på å behalde det me har igjen av eit skriftspråk, eller trur dykk me endeleg kan fastsetje at skriftleg dialekt og "1377-speak" er "ut"?
EDIT:
Det var eigentleg meininga at eg skulle skrive noko om at det ville vore enkelt å skekke ein tekst for feil i Word eller Open Office.
Samtidig vil eg nytte høvet til å gi ein link til Nynorsk- og Bokmålsordlista på nett:
http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi
Sist endret av GulliveR; 10. februar 2006 kl. 02:45.