Du må være registrert og logget inn for å kunne legge ut innlegg på freak.no
X
LOGG INN
... eller du kan registrere deg nå
Dette nettstedet er avhengig av annonseinntekter for å holde driften og videre utvikling igang. Vi liker ikke reklame heller, men alternativene er ikke mange. Vær snill å vurder å slå av annonseblokkering, eller å abonnere på en reklamefri utgave av nettstedet.
Kunngjøringer i forum : Diskusjon
Vi har lagt merke til at mange kanskje ikkje har omfattande erfaring med nettdebatter på konstruktivt vis, og har valt å skrive ein liten epistel med gode råd.

Påstand versus argument

Hillary Clinton er teit
Vis hele sitatet...
Det er ein enkeltståande påstand, utan argument. Det er lite produktivt. Dei fleste har gode og dårlige sider, og det gjeld Hillary Clinton og. Hitler jobba jo mot røyking til dømes...

Hillary Clinton har tvilsomt forhold til offentlighet og hemmelegheld mest mogeleg. Derfor er Hillary Clinton teit.
Vis hele sitatet...
Bodskapet er det samme. Men det er argumentasjon for kvifor Hillary er teit! Det gjer at andre kan peike på problem med argumentasjonen, og komme med saklege svar. T.d. kan eit svar vere at joda, men Trump er verre.

Generelt vert innlegg som inneheld ei setning med ein påstand sletta. Det handler ikkje om sensur, men om å skape gode debatter alle kan lære og få utbytte av!

Kjelder

Generelt bør du kunne backe opp argumentasjonen din med eksterne kjelder. Om du påstår at 2+2=4 er ikkje det behov for kjelder, med mindre folk etterspør det. Om du derimot påstår at 2+2=2 så bør du argumentere solid og begrunne det med eksterne kjelder.

For å fortsettje dømet over, så kan kjelder til at Hillary Clinton likar hemmeleghald vere t.d. denne artikkelen. Eit google-søk, eller 'google it' er ikkje ei kjelde. Kjeldene bør vere konkrete, og underbygge påstandane og argumentasjonen du kjem med. Dei bør vere så spesifikke som råd. Om folk påpeiker problem med kjeldene dine, så sjekk grundig om det er noko i kritikken. Kanskje har du tolka kjelda feil? Kanskje tolker motparten kjelda feil?

Så kjem det vanskelege. Kjeldekritikk. Ikkje alle kjelder er like gode. I ytterpunktet har du Alex Jones og Nyhetsspeilet, som utgår med skyhøge kneløft. Kjem du med den slags kjelder, og baserer argumentasjonen på det er det gode odds for at det kan forsvinne.

Mindre oppsiktsvekkande påstander krev mindre kjeldekritikk. Påstår du at Erna Solberg bur i Oslo treng du ikkje spesielt solide kjelder. Påstår du at Erna Solberg er eit reptil bør du ha svært etterettlege kjelder. Og du har eit spekter av kjelder å forhalde deg til, frå Alex Jones og Nyhetsspeilet, til seriøse, grundige kjelder. Kor på spekteret du bør legge deg handler om kva du formidler. Påstår du at kokande vatn forårsaker brannskader er ikkje det nødvendig med kjelder. Påstår du at mobiltelefoner skaper kreft må du ha omfattande og seriøse kjelder.

Konstruktiv debatteknikk

Så. Du har kjelder, og du argumenterer og kjem med påstander. Alt vel og bra. Men ikkje alle er einige med deg. Folk plukker argumentasjonen i fillebiter, og kritiserer kjeldene. Kva gjer du?

Eit godt utgangspunkt er å lese svaret du får grundig, og settje deg inn i kva den andre personen meiner. Les kjeldene personen viser til, og vurder korleis det står seg opp mot dine kjelder. Seier dei kanskje det samme, men med andre ord?

Kvifor kjem motparten til andre konklusjoner enn deg? Det er neppe fordi vedkommande er dum, eller blindt godtar det andre fortel. Anta at motparten er minst like intelligent og velinformert som du er. Kaller du motparten betalt shill, uopplyst e.l. er det svært gode odds for at innlegget du skreiv vil forsvinne.

Om ting er uklart, så er eit godt råd å tolke det i beste meining, eller spør om avklaring på det punktet. Å sei at ein ikkje forstår eit argument og vil ha utdjuping er fullstendig ok.

Kjem det gode motargument, og du ikkje svarer på dei, men repeterer påstandane dine, så vil vi før eller seinare gå lei av å lese repetisjon av det samme. Tenk gjennom svara du får. Er svara feil? Eller er det du som tar feil? Innlegg som i møte med sakleg kritikk repeterer det som vart kritisert, utan ny informasjon eller argumentasjon lev utrygt. Då er det betre å ikkje svare, gjerne?

Hersketeknikker

Hersketeknikker er vanskeleg tema. I enkelte tilfeller er det fullstendig OK, i andre er det langt frå OK. Forsiktig bruk av dei kan tilføre diskusjonen liv og følelser, og det er vi i utgangspunktet ikkje imot.

Vi set like fullt to klare grenser:
-Personangrep er aldri OK.
-Hersketeknikker kan ikkje vere bærebjelken i innlegget. Ei setning med snert i på slutten av eit godt innlegg er innafor. Eit innlegd bygd opp av hersketeknikker er ikkje OK.

Generelt så er det rimeleg enkelt å unngå overtramp der, om ein argumenterer sakleg og underbyggjer påstandane ein kjem med.

Personangrep er det å gå etter mannen, og ikkje ballen:
Du er latterlig
Vis hele sitatet...
Klart personangrep. Det relaterer seg ikkje til meiningene vedkommande står for.

Å påstå at Trump er korrupt er latterlig
Vis hele sitatet...
Det er ikkje eit personangrep. Det går på meininga vedkommande har, og er heilt ok. Ein bør sjølvsagt argumentere for påstanden, men det er ingenting galt med det i seg sjølv.

Merk at dette ikkje er regler for oppførsel. Det er gode råd, og ved å følgje dei reduserer du sjansen for å få innlegget sletta radikalt. Dei bør ikkje vere unike for nFF; debattråda skissert opp over er nær universelle. Du kan bruke dei på facebook, og du kan bruke dei på nFF.

Dei er heller ikkje spesifikke for dette underforumet, men gjeld sjølvsagt i varierande grad ut frå tråden sin karakter.