Sitat av
pkk1990
Hva har det egentlig å si som den er jordet i begge ender? Den tradisjonelle PR-kabelen ligger det jo en uisolert jordleder som er i kontakt med skjermen i hele dens lengde. Når jordlederen jordes, jordes også skjermen.
Om den er jorda i begge ender kan du få ei jordsløyfe. Om den vert plugga i ujorda utstyr med feil kan det gå stor jordstraum gjennom skjermen, som kan brenne av skjermen, eller skape andre feil. I den tradisjonelle kabelen din har antakeleg skjermen eit tversnitt på 4mm^2 eller meir. I ethernetkabelen din er den kanskje 0.5mm^2, som gjer at den ikkje takler ein jordfeil utan å brenne av.
Kanskje har den andre PCen den er kopla til litt betre jordforbindelse enn det andre bygget, og du får spenningsskilnad over kabelen. Kanskje er det eksisterande jordfeil på nettet, og over to forskjellige jordelektroder vil du då få ulik spenning.
Poenget med å jorde i ein, og kun ein ende er å sikre at du ikkje får farlige spenninger på kabelen, og at du heller ikkje får store jordstraumar gjennom skjermen. Store jordstraumar skal PE-leiar ta seg av, ikkje ein tilfeldig skjerm på ein signalkabel. Jordinga av signalkabelen skal kun fjerne støy.
(Ja, jobber med automasjon i støyfylte områder med bruk av Ethernet som transport, så vil påstå eg har forståelse av jording og støy).