Kjem vel litt an på kva du ser etter...
Her er iallefall mine favorittar:
Babylon 5 ("Space Opera" Med eit plot som går over fem sesongar. Skreve som ein roman, med ein begynnelse, ein midt og ein slutt. Veldig truverdige karakterar.)
Firefly. (Sci-fi med klare trekk av western. Skapt av Joss Whedon. Diverre berre ein sesong. Men fantastisk likevel.)
X-files. (Treng vel ikkje nokon introduksjon?)
Spaced. (Britisk geeky moro. Smått surrealistisk. Heilt fantastisk. Simon Pegg, Nick Frost, Jessica Stevenson.)
Black Books. (Meir britisk humor. Med blant andre Dylan Moran og Bill Bailey.)
Twin Peaks. (David Lynch serie. Pussige greier. Eg er veldig glad i den.)
Buffy the Vampire Slayer. (Nok ein serie av Joss Whedon. Vampyrar, demonar og tenåringsangst. Nett sett heile serien for femte gong.)
Mystery Science Theater 3000. (To robotar og ein mann ser gamle drittfilmar og kommenterar humoristisk på dei undervegs. Veldig, veldig morosamt.)
Neon Genesis Evangelion. (Mecha-action anime med eit relativt djupt plot. Ein av dei få anime seriane eg virkelig elskar.)
Monty Python's Flying Circus. (Treng dette ein introduksjon?)
Sopranos. Sjølvsagt.
Xena the Warrior Princess. (God gamaldags cheesy moro
Lucy Lawless. 'nuff said.)
Game of Thrones. (Har ikkje sett heile enda. Er vel halvvegs i sesong 2. Men det eg har sett er veldig bra. Aldri tidligare har eg sett ein filmatisering av ei bok/bøker som er så tru mot kildematerialet. Bøkene er framleis best, sjølvsagt. Men dette er imponerande riktig!)
Red Dwarf. (Absurd britisk Sci-fi sitcom om det (angivelig) siste mennesket i universet, eit hologram av hans vanvittig irriterande tidlegare overordna, ein humanoid kattelignande skapning som utvikla seg frå katten til det siste mennesket i universet etter ein million år, og ein naiv og vennligsinna androide ved navn Kryten. Ein surrete datamasking er også i bildet. Heilt fantastisk
)
Det skulle vel halde for ei stund. Som du nok legg merke til ser eg ikkje så mange nyare seriar. Men dei her er vel verdt å sjekke ut