View Single Post
Ta ein tur innom biltema eller clas og ta ein titt. Clas meiner eg har litt betre kvalitet på skraller og diverse, men er også dyrare.

Det eg ville anbefale er eit presisjonsett, og skralle med diverse bits (torx, pozi, phillips, flat), vinkla nebbtang, rett nebbtang, avbitar, og avmantlingstang. Presisjonskniv/skalpell kan også vere ein fin ting å ha.

Til lodding er det greitt å ha ein "tredje arm". Biltema sine loddebolter fungerer heilt ok. Til generell elektronikk, så er vell eit multimeter veldig kjekt å ha! Her er også biltema sitt til 2-300kr heilt ok, mitt har overlevd heftig missbruk i 2 år.

Begynn på eit prosjekt, og kjøp deretter inn spesialverktøy når du trenger det. Ei verktøykasse av litt grei størrelse er også veldig fint! Tar ikkje lang tid før du fyller den opp.