View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av frtoretang Vis innlegg
Nei du ser ikke det vidarlo. Men om det var noen som hadde uttalt seg på generelt grunnlag om feks en bestemt etnisk gruppe da tenker jeg du ville vært raskt ute å påpekt nettopp det. Det er jo folk som deg som skal krisemaksimere rundt denne turgruppa som sørger for massiv dekning og spaltemeter. La denne gjengen forsvinne i mediebildet. Stopp krisemaksimeringen og la vær å dra egne slutninger om hva de gjør og hva du tror de vil gjøre. Jo flere som henger seg på sånne uttalelser som du kommer med jo mer diskusjon blir det rundt dem og til sist også spaltemeter.
Vis hele sitatet...
Det er totalt urimeleg kritikk.

For det første vel du ikkje di etniske gruppe. Eg har ein mistanke at ingen vart fødde inn i SOO, så allereie der er det ein vesentleg skilnad, som gjer at i mine auge er terskelen for å kritisere SOO som gruppe langt lågare.

Viare krisemaksimerer eg ikkje. Eg deltek i ein diskusjon om gruppa, der eg kjem med mine synspunkt på kor truverdige dei framstår. Eg noterer meg at du argumenterer ikkje imot mine synspunkt. Du nyttar personangrep og metadebatt som svar.

Og kvifor er debatt om eit tema i samfunnet eit onde? Er ikkje knebling av ordskiftet noko av det farlegaste i eit demokrati? Og her oppfordrer du jo folk til å avstå frå å diskutere noko?!

Men kan du ikkje heller komme med saklege innvendinger mot påstandane mine, istadenfor metadiskusjon?