View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Men kva med så grunnleggande eigenskaper ved mennesket som mogelegheit til sjølvrealisering? Er det å gå heime, vaske, støvsuge, lage mat og passe unger sjølvrealisering for så veldig mange? Har ikkje alle rett på å få prøvd ut evnene sine?

Problemet er per se ikkje at nokon vel den rolla - problemet er at det er stortsett del av eit kjønnsrollemønster - kvinner har lært at det er ok, utan å nødvendigvis reflektere så mykje over det. Det er ikkje gitt at det folk opplever som frivillig er spesielt frivillig. Ein god paralell her er hijab-debatten. Ein del muslimske kvinner hevder det er eit fritt val, men samtidig er det jo åpenbart at det er svært kulturelt betinga - og neppe eit fullstendig fritt val.

Forøvrig hadde eg styrt klar av eit kvinnfolk som ikkje hadde større tanker om livet enn det der... Sjølvrealisering er det eg lever for, og eg har det samme kravet til dei rundt meg.